Velkommen til Drop-in-bryllaup i Surnadal 14. februar 2026 på Valentins dag!


Velkommen til Drop-in-bryllaup i Surnadal 14. februar 2026 på Valentins dag!


Velkommen til Øye kyrkje 14. februar i tidsrommet: 12.00-15.00

Kanskje de har snakka om å gifta dykk, men aldri fått det heilt til å passa? Kanskje de har lyst til å gifta dykk, men ønskjer å gjera det enkelt? Då er drop-in-bryllaup noko for dykk! 

Dette er bryllaupsseremonien for dykk som ønskjer noko heilt enkelt, men samtidig høgtideleg og personleg. 

Når de kjem til kyrkja, vil de først få ein kort samtale med ein prest.

 Vigslingane vil gå føre seg gåande, men det er også mogleg å reservera eit konkret tidspunkt ved å kontakta kyrkjekontoret på telefon 71 65 70 60 seinast 7. februar.

Alle over 18 år kan gifta seg i Den norske kyrkja. Drop-in-bryllaup kan gå føre seg heilt utan gjester, med dei aller næraste eller for fulle hus. Det bestemmer dykk sjølve!

Pris: Gratis.

• Paret må sjølv ha med prøvingsattest og forlovarerklæring frå Skatteetatens

nettsider. HER KAN EIN SØKJA OM PRØVINGSATTEST

Fint om attesten leverast til kyrkjekontoret i Surnadal snarast, og seinast 13. februar.

Har du spørsmål? Kontakt kyrkjekontoret på telefon 71 65 70 60 eller e-post: post.surnadal@kirken.no


Kort om drop-in-bryllup i Den norske kyrkje

• Drop-in-bryllaup er ein heilt enkel vigslingsseremoni i kyrkja.

• Å bli vigd i eit drop-in-bryllaup er heilt enkelt, men like stort som å bli vigd i eit

vanleg bryllaup i kyrkja.

• Når ei kyrkje inviterer til drop-in-bryllaup trengst inga påmelding, men prøvingsattsten må vera godkjend.

 

Framsidefoto: Helene Moe Slinning/Den norske kirke

Tilbake